Vigra Sogelag

Nokre sakar som ikkje går inn i årsskrifta presenterar vi på denne sida.


Trykksaker

Historias kvinner og menn - Kulturminnedagane 2013

I 2013 hadde Kulturminnedagane "Historias kvinner og menn" som tema, og Vigra Sogelag gav ut eit hefte om kjente vigringar. Heftet kan kjøpast frå Vigra Sogelag for kr 20.

Dei som er omtalt i heftet er:
• Pe-Ragna (1885-1952) lærar og forfattar av arbeidsbøker om "Vigra gjennom tidene",
• Johan Sverre Molnes (1928-1991) typograf/journalist og forfattar av "Vigra-slekter gjemmon 500 år",
• Petter Roald (1919-2008) "Smed-Petter",
• Ivar Flem (1865-1948) "skapte" Sunnmørsposten,
• Mikael Knutsen Synnes (1863-1948) Skjervakongen,
• Olaf A. Roakd (1881-1950) "Bakar-Olaf",
• Josefine F Godø (1890-1948) "Vigradoktoren",
• Hjalmar Synnes (1893-1928) diktar og ungdomslagsmann,
• Knut Bernardus J. Molnes (1843-1878) føregangsmann og korstiftar,
• Sæmund Olsen Roald (1682-1748) føregangsmann innan jordbruket,
• Peder Eliasen Rørvik (1867-1970) Amerika-utvandrar og senator (eige hefte: "Pete's story"),
• Karl Iversen Roald (1880-1952) kordirigent og organist,
• Jacob Sørensen Giskegaard (1734-1827) "Tavle-Jacob",
• Ivar A. Rørvik (1870-1959) "Juspi-Iver", drivkraft i avholdslaget,
• Varda Roald (1906-1986) slaktaren med "Vigra-mør",
• Karoline Synnes (nnnn-nnnn) sydama bak "Synnesbuksa"

Pete's story

Eit hefte om Peder Eliasen Rørvik (1867-1970) frå Vigra som utvandra til Amerika og vart senator i Montana på 20-talet. Heftet inneheld i hovudsak hans eigne memoarar meint som ei helsing til slektningar både i Nrge og Amerika - som eit bindeledd mellom gamletida og nye generasjonar.

Pete Rorvik: "Pete's Story", utgitt av Haram kultur-historiske lag, 2000. Skrift nr 50.
Heftet kan kjøpast frå Vigra Sogelag for kr 50.

Gange-Rolv segner frå Vigra - Kulturminnedagane 2011

I høve 1100-årsmarkeringa av at Gange-Rolv vart hertug av Normandie gav Vigra Sogelag ut eit hefte med Gange-Rolv-segner frå Vigra (lenkja går førebels til ei skanning hjå Giske Kommune). Heftet kan også kjøpast i papirformat frå Vigra Sogelag for kr 20.

Sogelaget bidro inn i fellesmarkeringa til Giske kommune og Ålesund kommune. Sjå fleire artiklar om jubileet hjå Giske Kommune.