Vigra Sogelag

Eksempel på formidling og aktivitetar til Sogelaget.


Årsskrift

Årsskrifta ein hovudkanal for å presentere det innsamla materialet. Årsskriftet inneheld innsamla historier, samt referat frå siste års arrangement. Sjå eiga fane for meir om årsskrifta! Ønskjer du å bidra med artiklar eller innhald, så ta kontakt med Skriftstyret. Kontaktinformasjon finn du under fana om Sogelaget.

Historiske foredrag

Til dømes:
• Heidi Haugene med fleire foredrag kring Steinalaren, Bronsealdaren, Jarnalderen og Middelaldaren
• Gunnar Morsund mellom anna med foredrag om Hendingane i 1814

Jubileumsbidrag

• Grunnlova 200 år: Tilstelling i høve grunnlovsjubileet 2014.02.27.
• Vigra sogelag 10 år ;-) Jubileumssamling på Blimshaugen 2011.06.18. Presentert i Årsskriftet for 2011 side 19.
• Kulturminnedagen: Gange-Rolv-vandring 2011.11.11. Presentert i Årsskriftet for 2011 s 29.
• Gange-Rolv’s 1100-års jubileum. Jubileumsarrangement ved Bautaen 2011.11.22 i høve at det var 1100 år sidan Gange-Rolv fekk Normandie av den franske kongen. Presentert i Årsskriftet for 2011 side 30.
• Stemmerettsjubileet

Nettside

Med nettsida håpar vi å nå fleire med aktivitetane og oversikt over artiklane våre. Innhaldet er frå starten henta frå årsskrifta og Facebook-sida til Sogelaget, men ny organisering. For tilbakemeldingar og bidrag til sida (inkludert språkvask), så ta kontakt med Nettredaktør. Kontaktinformasjon finn du under fana om Sogelaget.

Facebook-side

Facebook-sida inneheld dei siste detaljane kring aktivitetane til Sogelaget. Her vert det også lagt opp til spørsmål, diskusjonar og tilbakemeldingar.

Medlemsturar

Sogelags-turar for medlemer med innlagt sosialt samvær med god mat og drikke. Til no har vi besøkt alle nordøyane, og i 2016 fekk vi omvisning på Ålesund Museum. Turane er presantert i Årsskrifta.

Kyrkjemarsjar

Fotturar langs rutene som Vigringane gjekk til kyrkje på Roald. Turar frå Synnes og Gjøsund.

Registrering av historiske bilete

Utført dugnad i regi av fylkesfotoarkivet. Sjå oppsummering hjå fylkesfotoarkivet.

Tidfesting av skog

Når var det skog på Vigra, og fanst det ei vass-sag på Blindheim? Sogelaget bidrar til arbeid med datering av pollen og trerøter. Følg arbeidet gjennom Årsskrift-artiklar frå 2012 side 19-21, 2011 side 51-53, 2011 side 54-56, 2010 side 47-48 og 2010 side 49.